Brandal friskule søkjer
Lærar i 80% stilling (vikariat)
Brandal Friskule er nærskulen i ishavsbygda Brandal. Skulen har 23 elevar og 8 tilsette og driftar 1.-7. klassetrinn etter offentleg læreplan i tillegg til SFO. Skulen ligg midt i bygda, omringa av fjell, sjø og vakker natur. Vi har god plass i det flotte skulebygget vårt og ein stor nyrenovert leikeplass.
Dette nyttar vi aktivt i undervisninga, og med ein liten skule kan vi lett snu oss rundt for å gripe moglegheitene rundt oss. Brandal Friskule er ein unik og trygg start på skulelivet!
No søkjer vi ein engasjert lærar med hjerte for alle og eit blikk for den enkelte.
Hos oss får du rammene du treng for å skape trygge barn og eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Vi søkjer deg som:
• Har relevant utdanning som lærar for 5.-7. klasse
• Erfaring eller ønske om å vere kontaktlærar
• Har evne til å bygge gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
• Har pedagogisk engasjement og god evne til å tilpasse undervisninga
• Er fleksibel og samarbeidsvillig
• Ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
Vi tilbyr:
• Eitt års engasjement for skuleåret 2025/26, men moglegheiter for forlenging
• Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
• Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
• Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
• Stor fridom til kreativitet i undervisninga
• Moglegheiter til å forme din arbeidskvardag
Søknadsfrist: Snarast. Vi behandlar søknadar fortløpande.
Tilsetjing: Etter avtale
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte Odeta Galdikiene på telefon 96 85 91 27 eller epost odeta@brandalfriskule.no