Om oss

Brandal Friskule er nærskulen i bygda Brandal, eit godt og kostnadsfritt alternativ for barnet ditt. Skulen vår ligg midt i bygda omringa av fjell, sjø og vakker natur. Her har vi verkeleg gode moglegheiter til å bruke lokalmiljøet i undervisninga. Vi er ein friskule med 29 elevar og 8 tilsette. Sidan vi er få har vi også god tid til kvarandre, noko som fører til at kvar enkelt elev blir sett kvar dag, i kvar time. På skulen vår møtast kunnskap og trivsel for både store og små.