Om Brandal friskule

Brandal friskule er nærskulen i bygda Brandal, eit godt og kostnadsfritt alternativ for barnet ditt. Skulen vår ligg midt i bygda omringa av fjell, sjø og vakker natur. Her har vi verkeleg gode moglegheiter til å bruke lokalmiljøet i undervisninga.

Vi er ein friskule med 29 elevar og 7 tilsette. Sidan vi er få har vi også god tid til kvarandre, noko som fører til at kvar enkelt elev blir sett kvar dag, i kvar time. På skulen vår møtest kunnskap og trivsel for både både store og små.

• Brandal friskule er eit gratis skuletilbod.
• Elevane får gratis skulefrukt to gongar i veka, og mjølk kvar dag.
• Alle borna har tilbod om leksehjelp tre dagar i veka.
• Det er SFO-tilbod kvar dag frå 07:00 til 16:30
• Vi har symjeundervisning frå 1. klasse
• Vi har kantine ein gong i mnd. der borna aktivt tek del.
• Friskulen opnar for innspel frå foreldre i stor grad.
• Vi har eit flott nærmiljø som er eit godt supplement til undervisninga.

Vi tilbyr

Tryggleik
Trygt å gå på skule i sitt eige nærmiljø. Tilhøyrsle til eiga heimbygd Borna blir kjende på tvers av klassetrinn. Store og små leikar og samarbeidar. Gode røter frå heimbygd er ein god ballast i livet. Små klasser gjer at kvar elev blir sett og høyrt heile dagen. Sykle eller gå til og frå. Nærleik […]
Fagleg kompetanse
Kompetente, engasjerte og spesielt interesserte lærarar. Vi arbeider for stabilitet og kontinuitet i lærarstaben. Godt fagmiljø blant lærarane. Nytt og godt undervisningsmateriell Deltek på nasjonale prøver Variert undervisning der nærmiljøet blir nytta i opplæringa Faste turdagar Ein- til ein kontakt mellom lærar og elev i kvar time. Symjeundervisning frå 1. klasse Tilbod om leksehjelp til […]
Godt sosialt miljø
Alle borna leikar på tvers av alder og klassetrinn. God trening i og utvikling av sosiale eigenskapar ved å kvar dag vere i lag med både eldre og yngre klassekameratar; Ein nytteverdi både for seinare skulegong, yrkesliv og sosialt liv. Inkludering og gode verdiar er ein sentral ingrediens i undervisninga. Fordi vi er få og […]

Brandal Friskule på sosiale medium

Skuleruta 2023 - 2024

Les meir

Om Brandal

Brandal er ein tettstad i Hareid kommune i Møre og Romsdal,
og ligg på vestsida av Sulafjorden og på austsida av øya Hareidlandet
omlag fire kilometer nord for Hareid sentrum.

Brandal er kjend som heimstaden for selfangarar, som årleg frå 1898
hadde fangstturar til Kvitsjøen (slutt 1939), Vestisen og Newfoundland (1939-1982).
Ein pioner innan selfangsten var skipper og skipsreiar Peter S. Brandal.

Ishavsmuseet Aarvak (stifta 1981) ligg i Brandal.
På uteområdet ved museet står monumentet Ishavskjerringa,
som er laga av Tore Bjørn Skjølsvik og blei avduka 18. juni i 2005.