Ledig stilling som lærar/fagarbeidar

Brandal friskule er nærskulen i ishavsbygda Brandal. Skulen ligg midt i bygda omringa av fjell, sjø og vakker natur. I tillegg har bygda sterk historie og identitet og ligg sentralt plassert midt i Sunnmørsregionen, med alt den har å by på av kultur, næring og natur. 

 

Dette nyttar vi aktivt i undervisninga og med ein liten skule kan vi lett snu oss rundt å gripe moglegheitene rundt oss. Brandal friskule er ein unik og trygg start på skulelivet!

No søker vi fleire dyktige og engasjerte lagspelarar til skulen vår. Vi søker deg som ønskjer ei midlertidig stilling som lærar eller kan vere tilkallingsvikar. Du må vere utdanna lærar eller fagarbeidar og ha evne til å tilpasse deg ulike mennesker og situasjonar. Oppdraga vil variere i størrelse og varigheit, men for rett kandidat kan det vere moglegheit for fast tilsetting på sikt.

Vi kan tilby                                                    

Stor fridom til kreativitet i undervisninga               

Moglegheiter til å forme din arbeidskvardag                      

Trygge og stabile rammevilkår                                

Godt fagleg og sosialt miljø

Engasjerte lærarar og foreldre                                

For meir informasjon kan du kontakte

Erlend Kvalsvik, styreleiar

Mobil 958 90 124

Odeta Galdikiene, fungerande dagleg leiar

Mobil 968 59 127

Søknadsfrist snarast. Søknadar blir behandla fortløpande.

Send søknad og CV til odeta@brandalfriskule.no

Stillingsannonse Lærar Fagarbeidar Brandal Friskule