Trygge born lærer best

 

 

Velkomen til Brandal friskule

Brandal friskule er ein kostnadsfri skule for alle, der små rammer gir store moglegheiter.

 

Her er vaksne tett på i kvardagen til borna – alle vert sett, høyrde og tekne på alvor.
Den vesle storleiken gir rom for trygge relasjonar, ro til læring og ekte mestringsglede.
At borna går saman på tvers av alder skapar sterke vennskap, ansvarskjensle og eit inkluderande fellesskap.
Ein skulekvardag med nærleik til naturen der fjell og fjøre vert ein naturlig del av undervisninga,
og uteområdet, turane og opplevingane gir rom for læring, leik og undring.

Brandal friskule er ein stad der borna får vere seg sjølve, vekse i sitt eige tempo og bygge grunnmuren for framtida –
i trygge og inspirerande omgjevnadar.

Vi tilbyr

Tryggleik
Fagleg kompetanse

Skuleruta

Her kjem skuleruta for 2025/2026

Les meir

Om Brandal

Brandal er ein tettstad i Hareid kommune i Møre og Romsdal,
og ligg på vestsida av Sulafjorden og på austsida av øya Hareidlandet
omlag fire kilometer nord for Hareid sentrum.

Brandal er kjend som heimstaden for selfangarar, som årleg frå 1898
hadde fangstturar til Kvitsjøen (slutt 1939), Vestisen og Newfoundland (1939-1982).
Ein pioner innan selfangsten var skipper og skipsreiar Peter S. Brandal.

Ishavsmuseet Aarvak (stifta 1981) ligg i Brandal.
På uteområdet ved museet står monumentet Ishavskjerringa,
som er laga av Tore Bjørn Skjølsvik og blei avduka 18. juni i 2005.

 

Les om ishavsmuseet